Bibelen 1978-85 Nynorsk

Sakarja 8:9-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Så seier Herren, Allhærs Gud: Ver modige, de som i denne tid høyrer desse orda frå dei same profetane som tala den dagen då grunnvollen vart lagd til huset åt Herren, Allhærs Gud, til templet som skulle byggjast.

10. For før den tida hadde korkje folk eller fe noko att for strevet sitt. Korkje dei som gjekk ut eller dei som kom inn, fekk vera i fred for fienden, for eg sleppte alle menneske laus på kvarandre.

11. Men mot den resten som er att av dette folket, vil eg ikkje vera som før i tida, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

12. I fred skal dei så; vintreet skal bera frukt, jorda skal gje grøde og himmelen dogg. Dei som er att av dette folket, skal få alt dette i eige.

13. Liksom de har vore ei forbanning mellom folkeslaga, du Juda-ætt og du Israels-ætt, skal de verta til velsigning når eg frelser dykk. Ver ikkje redde, men frimodige!