Bibelen 1978-85 Nynorsk

Sakarja 7:11-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Men dei ville ikkje høyra; dei gjorde nakken stiv og øyro døve, så dei skulle sleppa å høyra.

12. Hjarta gjorde dei hardt som flint, så dei lét vera å høyra på lova og dei orda som Herren, Allhærs Gud, hadde sendt ved sin Ande gjennom dei førre profetane. Då kom det stor vreide frå Herren, Allhærs Gud.

13. Dei ville ikkje høyra når han ropa. Difor sa Herren, Allhærs Gud: Eg vil ikkje høyra når dei ropar.

14. Eg bles dei bort mellom alle folka som dei ikkje kjende. Landet låg audt etter dei, og ingen ferdast att og fram der. Såleis gjorde dei det herlege landet til ei øydemark.