Bibelen 1978-85 Nynorsk

Sakarja 4:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen.

2. Han spurde meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han.

3. Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre for oljeskåla og eitt til venstre.»

4. Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva tyder dette, herre?»

5. Engelen som tala med meg, sa: «Veit du ikkje kva dette tyder?» Eg svara: «Nei, herre.»

6. Då tok han til ords og sa til meg:Dette er Herrens ord ¬til Serubabel:Ikkje med makt ¬og ikkje med kraft,men med min Ande,seier Herren, Allhærs Gud.