Bibelen 1978-85 Nynorsk

Sakarja 3:3-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen.

4. Og engelen sa til dei som stod framfor han: «Ta av han dei skitne kleda!» Til Josva sa han: «Sjå, eg tek bort syndeskulda di og kler deg i høgtidsbunad.»

5. Då sa eg: «Set ein rein turban på hovudet hans!» Og dei sette ein rein turban på hovudet hans og tok på han kleda, medan Herrens engel stod der.

6. Då gav Herrens engel denne lovnaden til Josva:

7. Så seier Herren, Allhærs Gud:Går du på mine vegarog rettar deg ¬etter det eg har fastsett,skal du få styra mitt husog vakta mine føregardar,og eg vil gje deg tilgjengesaman med dei ¬som gjer teneste her.

8. Høyr no, Josva, øvsteprest!Du og embetsbrørne dine,som sit framføre deg,de er varselsmenn.For sjå, eg lèt min tenar ¬Renning koma.