Bibelen 1978-85 Nynorsk

Sakarja 2:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Eg lyfte augo og fekk sjå fire horn.

2. Då sa eg til engelen som tala med meg: «Kva tyder dette?» Han svara: «Det er dei horna som har spreitt Juda, Israel og Jerusalem.»

3. Så lét Herren meg sjå fire smedar.

4. Då spurde eg: «Kva er det desse smedane kjem og vil gjera?» Han svara: «Dei horna som spreidde Juda, gjorde det så at ingen kunne lyfta hovudet. Men no er desse komne og vil skræma dei. Til jorda skal dei slå horna på dei heidningfolka som lyfte horn mot Juda og spreidde folket.»

5. Så lyfte eg augo og fekk sjå ein mann som hadde ei mælesnor i handa.