Bibelen 1978-85 Nynorsk

Sakarja 14:3-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Herren sjølv skal fara ut og strida mot desse folka som på stridens dag, den dagen han gjekk til kamp.

4. Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget, som ligg rett aust for Jerusalem. Og Oljeberget skal dela seg i to frå aust til vest, så det vert ein brei dal. Den eine halvparten av fjellet vik unna mot nord og den andre mot sør.

5. Dalen attmed fjellet mitt skal fyllast, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal. Og de skal røma som de rømde for jordskjelvet i dei dagar Ussia var konge i Juda. Då skal Herren min Gud koma og alle heilage vera med han.

6. Den dagen skal det henda at ljoset kverv, og dei herlege himmelljosa sloknar.

7. Så skal det vera ein einaste dag – Herren kjenner han – og ikkje dag som skifter med natt; om kvelden skal det vera ljost.

8. Den dagen skal det henda at det renn levande vatn ut frå Jerusalem, den eine halvparten til havet i aust og den andre halvparten til havet i vest. Såleis skal det vera både sommar og vinter.

9. Då skal Herren vera konge over heile jorda. Den dagen skal Herren vera éin og namnet hans det einaste.

10. Heile landet skal verta som Araba-sletta, frå Geba til Rimmon, sør for Jerusalem. Men byen skal liggja høgt på sin stad, frå Benjamins-porten til den staden der den gamle porten var, til Hjørneporten og Hananel-tårnet, heilt til vinpressene åt kongen.

11. Der skal det bu folk. Det skal ikkje vera noka bannlysing meir. Jerusalem skal liggja trygt.

12. Dette er den plaga Herren vil senda over alle dei folka som går til strid mot Jerusalem:Kjøtet skal rotna på deimedan dei enno står på føtene.Augo skal rotna i holene sineog tunga rotna i munnen ¬på dei.

13. Den dagen skal det henda at Herren lèt det koma ei stor vilske over dei, så dei fer på kvarandre og lyfter hand mot kvarandre.

14. Ja, Juda skal strida mot Jerusalem. Og rikdomen frå alle folkeslaga rundt ikring skal samlast inn, gull og sølv og klede i store mengder.

15. Ei slik plage skal òg koma over hestar, muldyr, kamelar, esel og alle andre dyr som er i leirane deira.