Bibelen 1978-85 Nynorsk

Sakarja 11:9-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Eg sa: «Eg vil ikkje gjæta dykk. Dei som held på å døy, får døy; dei som går til grunne, får gå til grunne; og dei som er att, får eta kvarandre opp.»

10. Så tok eg staven min Godvilje og braut han av; eg ville løysa opp den pakta som eg hadde gjort med alle folkeslaga.

11. Og ho vart oppløyst den dagen. Sauehandlarane som vakta på meg, skjøna då at dette var Herrens ord.

12. Eg sa til dei: «Om de så synest, så gjev meg løna mi; om ikkje, så lat det vera!» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke.

13. Men Herren sa til meg: «Ta pengane og kast dei til smeltaren, den herlege summen som dei har verdsett meg til.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, til smeltaren.

14. Så braut eg av den andre staven, Samband; eg ville bryta brorskapen mellom Juda og Israel.

15. Herren sa til meg: «Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding!

16. For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som ikkje ser etter dei ¬som går seg bort,ikkje leitar etter dei ¬som går seg vilt,ikkje lækjer dei som er skadde,ikkje syter for mat til dei friske,men et kjøtet av dei feite dyraog riv klauvene av dei.»

17. Ve den duglause ¬hyrdingen min,som går bort frå sauene!Sverd mot armen ¬og høgre auga hans!Armen hans skal visna bort,og det høgre auga sløkkjast ut.