Bibelen 1978-85 Nynorsk

Sakarja 11:3-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Høyr kor gjætarane klagarfordi deira herlege beite ¬er herja!Høyr kor dei unge løvene ¬brølerfordi den fine Jordan-skogen ¬er øydelagd!

4. Så har Herren min Gud sagt: «Gjæt sauene som skal slaktast!»

5. Dei som kjøper dei, slaktar dei utan å bøta for det, og dei som sel dei, seier: «Lova vere Herren, eg vart rik!» Og deira eigne hyrdingar sparer dei ikkje.

6. «For eg vil ikkje lenger spara folket i landet,» lyder ordet frå Herren. «Sjå, eg vil la menneska falla i hendene på kvarandre og i hendene på kongen deira; dei skal herja landet, og eg vil ikkje berga nokon ut or deira hand.»

7. Så gjætte eg slaktesauene for sauehandlarane. Eg tok meg to stavar; den eine kalla eg Godvilje, den andre kalla eg Samband, og eg gjætte sauene. –

8. Eg rudde or vegen dei tre hyrdingane på ein månad.Men eg miste tolmodet med dei, og dei fekk uvilje mot meg òg.

9. Eg sa: «Eg vil ikkje gjæta dykk. Dei som held på å døy, får døy; dei som går til grunne, får gå til grunne; og dei som er att, får eta kvarandre opp.»

10. Så tok eg staven min Godvilje og braut han av; eg ville løysa opp den pakta som eg hadde gjort med alle folkeslaga.