Bibelen 1978-85 Nynorsk

Sakarja 11:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Lat opp dine dører, ¬Libanon,så eld kan øyda dine sedertre!

2. Set i med klagerop, sypress,fordi sederen er fallen,dei veldige trea øydelagde.Set i med klagerop,de mektige tre i Basan,fordi den tette skogen er felt.

3. Høyr kor gjætarane klagarfordi deira herlege beite ¬er herja!Høyr kor dei unge løvene ¬brølerfordi den fine Jordan-skogen ¬er øydelagd!

4. Så har Herren min Gud sagt: «Gjæt sauene som skal slaktast!»

5. Dei som kjøper dei, slaktar dei utan å bøta for det, og dei som sel dei, seier: «Lova vere Herren, eg vart rik!» Og deira eigne hyrdingar sparer dei ikkje.

6. «For eg vil ikkje lenger spara folket i landet,» lyder ordet frå Herren. «Sjå, eg vil la menneska falla i hendene på kvarandre og i hendene på kongen deira; dei skal herja landet, og eg vil ikkje berga nokon ut or deira hand.»

7. Så gjætte eg slaktesauene for sauehandlarane. Eg tok meg to stavar; den eine kalla eg Godvilje, den andre kalla eg Samband, og eg gjætte sauene. –

8. Eg rudde or vegen dei tre hyrdingane på ein månad.Men eg miste tolmodet med dei, og dei fekk uvilje mot meg òg.