Bibelen 1978-85 Nynorsk

Rut 1:9-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Gjev Herren må la dykk begge få mann og heim!» Så kyste ho dei. Då tok dei til å gråta

10. og sa til henne: «Nei, vi vil fylgja deg attende til folket ditt.»

11. Men No’omi sa: «Far heim att, døtrene mine! Kvifor vil de vera med meg? Har eg kanskje enno søner i vente som de kunne få til menn?

12. Snu og far heim att, døtrene mine! Eg er for gamal til å gifta meg att. Og om eg tenkte: Eg har enno von, ja, om eg alt i natt fekk ein mann og så fødde søner,

13. skulle så de venta til dei vart vaksne? Skulle de stengja dykk inne og leva utan menn? Nei, døtrene mine! Eg har inderleg vondt av dykk, no når Herrens hand har råma meg så hardt.»

14. Då tok dei til å gråta att, og Orpa kyste vermor si til avskil. Men Rut ville ikkje skiljast frå henne.

15. Då sa No’omi: «Du ser versyster di har fare heim att til folket sitt og guden sin. Snu du òg, og fylg henne!»

16. Men Rut svara: «Du skal ikkje telja meg til å skilja lag med deg og fara heim att. For dit du går, vil eg gå, og der du bur, vil eg bu. Ditt folk er mitt folk, og din Gud er min Gud.

17. Der du døyr, vil eg døy, og der vil eg verta gravlagd. Herren la det gå meg ille både no og sidan om noko anna enn døden får skilja meg frå deg!»

18. Då No’omi såg at ho stod fast på sitt og ville vera med henne, tala ho ikkje meir til henne om det.