Bibelen 1978-85 Nynorsk

Rut 1:12-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Snu og far heim att, døtrene mine! Eg er for gamal til å gifta meg att. Og om eg tenkte: Eg har enno von, ja, om eg alt i natt fekk ein mann og så fødde søner,

13. skulle så de venta til dei vart vaksne? Skulle de stengja dykk inne og leva utan menn? Nei, døtrene mine! Eg har inderleg vondt av dykk, no når Herrens hand har råma meg så hardt.»

14. Då tok dei til å gråta att, og Orpa kyste vermor si til avskil. Men Rut ville ikkje skiljast frå henne.

15. Då sa No’omi: «Du ser versyster di har fare heim att til folket sitt og guden sin. Snu du òg, og fylg henne!»

16. Men Rut svara: «Du skal ikkje telja meg til å skilja lag med deg og fara heim att. For dit du går, vil eg gå, og der du bur, vil eg bu. Ditt folk er mitt folk, og din Gud er min Gud.

17. Der du døyr, vil eg døy, og der vil eg verta gravlagd. Herren la det gå meg ille både no og sidan om noko anna enn døden får skilja meg frå deg!»

18. Då No’omi såg at ho stod fast på sitt og ville vera med henne, tala ho ikkje meir til henne om det.

19. Så heldt dei fram på ferda til dess dei kom til Betlehem. Då dei nådde fram dit, kom heile byen i rørsle for deira skuld, og kvinnene sa: «Er dette No’omi?»

20. Men ho sa til dei: «Kall meg ikkje No’omi! Kall meg heller Mara! For Den Allmektige har gjort livet tungt og beiskt for meg.

21. Eg var rik då eg fór bort, men Herren har late meg koma fattig att. Kvifor kallar de meg No’omi, når Herren har vitna mot meg, når Den Allmektige har late det gå meg så ille?»

22. Så kom då No’omi heim att, og sonekona, moabittkvinna Rut, var med henne då ho vende tilbake frå Moab. Dei kom til Betlehem då byggskurden tok til.