Bibelen 1978-85 Nynorsk

Rut 1:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I dei dagar då domarane styrte, vart det ein gong uår og svolt i landet. Då fór ein mann i veg frå Betlehem i Juda med kona si og dei to sønene sine. Han ville bu i Moab ei tid.

2. Mannen heitte Elimelek, kona No’omi og dei to sønene Maklon og Kiljon. Dei var av Efrata-ætta, frå Betlehem i Juda. No kom dei til Moab og slo seg til der.

3. Ei tid etter døydde Elimelek, mannen til No’omi, og ho sat att med dei to sønene sine.

4. Dei gifte seg med moabittkvinner; den eine heitte Orpa og den andre Rut. Og dei budde der om lag ti år.

5. Så døydde dei òg, både Maklon og Kiljon, og No’omi sat att åleine etter at sønene og mannen var borte.

6. Då tok ho ut frå Moab med sonekonene sine og fór heim att. For medan ho var i Moab, hadde ho høyrt at Herren hadde teke seg av folket sitt og gjeve det brød.

7. Ho gav seg i veg frå den staden der ho hadde butt, og dei to sonekonene fylgde henne.Då dei var komne eit stykke på vegen heim til Juda,

8. sa No’omi til sonekonene sine: «Snu no og far heim att, kvar til si mor! Gjev Herren må vera trufast mot dykk, som de har vore mot dei døde og mot meg!

9. Gjev Herren må la dykk begge få mann og heim!» Så kyste ho dei. Då tok dei til å gråta