Bibelen 1978-85 Nynorsk

Matteus 6:5-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Når de bed, så far ikkje åt som hyklarane. Dei vil helst stå i synagogene og på gatehjørna og be, så folk kan sjå det. Sanneleg, det seier eg dykk: Dei har alt fått si løn.

6. Men når du vil be, gå då inn i kammerset ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg.

7. Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur at dei vert bønhøyrde berre dei brukar mange ord.

8. Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng før de bed han om det.

9. Difor skal de be såleis:Fader vår, ¬du som er i himmelen!Lat namnet ditt helgast.

10. Lat riket ditt koma.Lat viljen din råda på jorda ¬så som i himmelen.

11. Gjev oss i dag ¬vårt daglege brød.

12. Forlat oss vår skuld,som vi òg forlèt ¬våre skuldmenn.