Bibelen 1978-85 Nynorsk

Matteus 6:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Akta dykk at de ikkje gjer dei gode gjerningane dykkar for augo på folk, så dei skal leggja merke til det. Då får de inga løn hjå Far dykkar i himmelen.

2. Når du gjev til dei fattige, så blås ikkje i basun om det, som hyklarane gjer i synagogene og på gatene, så folk skal rosa dei. Sanneleg, det seier eg dykk: Dei har alt fått si løn.

3. Men når du gjev ei gåve, så lat ikkje venstre handa di vita kva den høgre gjer.

4. Gjev gåva di i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, han skal løna deg.