Bibelen 1978-85 Nynorsk

Matteus 28:3-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Han var som lynet å sjå til, og kleda hans var kvite som snø.

4. Vaktmennene skalv av redsle då dei såg han, og dei vart liggjande som døde.

5. Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, han som vart krossfest.

6. Han er ikkje her; han er oppstaden, som han sa. Kom og sjå staden der han låg!

7. Skunda dykk av stad og sei til læresveinane hans: Han er oppstaden frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han. No har eg sagt dykk det.»

8. Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad og ville fortelja det til læresveinane.

9. Men best det var, kom Jesus imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han.