Bibelen 1978-85 Nynorsk

Matteus 28:11-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Medan kvinnene var på vegen, kom nokre av vaktmennene inn til byen og fortalde overprestane alt det som hadde hendt.

12. Overprestane og dei eldste kom då saman, og dei vart samde om kva dei skulle gjera. Dei gav soldatane mange pengar

13. og sa: «Sei at læresveinane hans kom om natta og stal han medan de sov.

14. Og skulle landshovdingen få høyra om det, skal vi tala med han, så de kan vera trygge.»

15. Dei tok imot pengane og gjorde som dei var føresagde. Såleis kom det ordet ut mellom jødane, og det har halde seg til denne dag.

16. Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt at han ville møta dei.

17. Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila.

18. Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda.

19. Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande,

20. og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»