Bibelen 1978-85 Nynorsk

Matteus 28:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då sabbaten var til ende, og det tok til å ljosna fyrste dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria og ville sjå til grava.

2. Då kom det brått eit kraftig jordskjelv; for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava og velte steinen ifrå og sette seg på han.

3. Han var som lynet å sjå til, og kleda hans var kvite som snø.

4. Vaktmennene skalv av redsle då dei såg han, og dei vart liggjande som døde.

5. Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, han som vart krossfest.

6. Han er ikkje her; han er oppstaden, som han sa. Kom og sjå staden der han låg!