Bibelen 1978-85 Nynorsk

Matteus 27:20-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Men overprestane og dei eldste overtalde folket til å krevja Barabbas frigjeven og Jesus drepen.

21. Og då landshovdingen spurde: «Kven av dei to vil de at eg skal gje dykk fri?» svara dei: «Barabbas.»

22. «Kva skal eg då gjera med Jesus, han som vert kalla Messias?» spurde Pilatus. Då ropa dei alle: «Krossfest han!»

23. «Kva vondt har han gjort?» spurde han. Men dei ropa berre endå høgare: «Krossfest han!»

24. Då Pilatus såg at han ingen ting kunne gjera, og at ståket vart verre, tok han vatn, vaska hendene medan folket såg på og sa: «Eg har inga skuld i blodet åt denne mannen. Dette lyt de svara for.»

25. Og alt folket svara: «Lat blodet hans koma over oss og borna våre.»

26. Då gav han dei Barabbas fri, men han lét Jesus verta piska og gav han over til krossfesting.

27. Soldatane til landshovdingen tok no Jesus med seg inn i borga og samla heile vaktstyrken ikring han.

28. Dei kledde av han og hengde på han ei skarlaksraud soldatkappe,

29. fletta ei klungerkrone og sette på hovudet hans og gav han ein røyrstav i høgre handa. Dei fall på kne for han, gjorde narr av han og sa: «Ver helsa, du jødekonge!»