Bibelen 1978-85 Nynorsk

Matteus 25:14-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei alt han åtte.

15. Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje ein talent – etter som kvar dugde til. Så drog han ut or landet.

16. Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til.

17. Han som hadde fått to, gjorde det same og tente to til.

18. Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane åt husbonden sin.

19. Då det hadde gått ei lang tid, kom husbonden heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine.

20. Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: «Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til.»

21. Då sa husbonden til han: «Det var rett, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!»

22. Så kom han fram som hadde fått to talentar, og sa: «Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til.»

23. «Det var rett, du gode og trugne tenar!» svara husbonden. «Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!»

24. Til slutt kom han fram som hadde fått ein talent, og sa: «Herre, eg visste at du er ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde.

25. Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt.»