Bibelen 1978-85 Nynorsk

Matteus 22:10-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.

11. Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd.

12. Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde.

13. Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner!

14. For mange er kalla, men få er utvalde.»

15. Då gjekk farisearane bort og vart samde om at dei ville fanga han i ord.

16. Dei sende læresveinane sine til han i lag med nokre herodianarar og lét dei seia: «Meister, vi veit at du er ærleg og at du i sanning lærer oss Guds veg. Du bryr deg ikkje om kva andre meiner, for du gjer ikkje skil på folk.

17. Sei oss kva du meiner: Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje?»

18. Men Jesus merka vondskapen deira og sa: «De hyklarar, kvifor set de meg på prøve?

19. Vis meg mynten som skatten skal betalast med.» Dei gav han ein denar.

20. «Kven sitt bilete og namn er dette?» spurde han.

21. «Keisarens,» svara dei. Då sa han til dei: «Så gjev då keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er.»

22. Då dei høyrde det, undra dei seg og gjekk sin veg.

23. Same dagen kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet:

24. «Meister, Moses har sagt: Om ein mann døyr barnlaus, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta åt bror sin.