Bibelen 1978-85 Nynorsk

Matteus 22:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning:

2. «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin.

3. Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje.

4. Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet!

5. Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si.

6. Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel.

7. Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira.

8. Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det.

9. Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn.

10. Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.

11. Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd.