Bibelen 1978-85 Nynorsk

Matteus 21:7-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå.

8. Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strøydde på vegen.

9. Og folket som gjekk føre, og dei som fylgde etter, ropa:Hosianna, Davids son!Velsigna vere han som kjem, ¬i Herrens namn!Hosianna i det høgste!

10. Då han drog inn i Jerusalem, kom heile byen i rørsle og spurde: «Kven er dette?»

11. Og folket svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.»

12. Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og dreiv ut alle som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer,

13. og sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til ei røvarhole.»

14. På tempelplassen kom det blinde og vanføre til han, og han lækte dei.

15. Men då overprestane og dei skriftlærde såg undera han gjorde, og høyrde borna som ropa i heilagdomen: «Hosianna, Davids son!» vart dei arge

16. og sa til han: «Høyrer du kva dei seier?» «Ja,» svara Jesus. «Har de aldri lese:Du har late småborn ¬og spedbornsyngja din pris!»

17. Så gjekk han frå dei og ut or byen, til Betania; der var han om natta.

18. Om morgonen, medan Jesus var på veg inn til byen, vart han svolten.