Bibelen 1978-85 Nynorsk

Matteus 21:7-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå.

8. Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strøydde på vegen.

9. Og folket som gjekk føre, og dei som fylgde etter, ropa:Hosianna, Davids son!Velsigna vere han som kjem, ¬i Herrens namn!Hosianna i det høgste!

10. Då han drog inn i Jerusalem, kom heile byen i rørsle og spurde: «Kven er dette?»

11. Og folket svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.»

12. Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og dreiv ut alle som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer,