Bibelen 1978-85 Nynorsk

Matteus 21:33-41 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

33. Høyr ei anna likning: Det var ein gong ein husbond som planta ein vingard. Han sette gjerde kringom, grov ut ei vinpresse i han og bygde eit vakttårn. Så leigde han hagen bort til nokre vindyrkarar og drog ut or landet.

34. Då det leid mot frukttida, sende han tenarane sine til paktarane og ville få sin del av avlinga.

35. Men dei greip tenarane: ein skamslo dei, ein drap dei og ein steina dei.

36. Så sende han andre tenarar, fleire enn fyrste gongen, men dei gjorde det same med dei.

37. Til sist sende han son sin til dei; for han tenkte: Son min har dei nok age for.

38. Men då vindyrkarane fekk sjå sonen, sa dei til kvarandre: Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, så vert arven vår.

39. Så tok dei han, kasta han ut or vingarden og slo han i hel.

40. Når no vingardsherren kjem, kva skal han då gjera med desse paktarane?»

41. «Ein vond død skal han gje desse vonde mennene,» svara dei, «og vingarden skal han leiga ut til andre, som gjev han avlinga i rett tid.»