Bibelen 1978-85 Nynorsk

Matteus 21:30-45 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

30. Så gjekk faren til den andre og bad han om det same. Ja, herre, svara han; men han gjekk ikkje.

31. Kven av dei to gjorde det faren ville?» «Den fyrste,» svara dei. Då sa Jesus til dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Tollarar og skjøkjer kjem før inn i Guds rike enn de.

32. For då Johannes kom til dykk på rettferds veg, trudde de han ikkje. Men tollarane og skjøkjene, dei trudde han. Men endå de såg det, angra de ikkje då heller, så de trudde på han.

33. Høyr ei anna likning: Det var ein gong ein husbond som planta ein vingard. Han sette gjerde kringom, grov ut ei vinpresse i han og bygde eit vakttårn. Så leigde han hagen bort til nokre vindyrkarar og drog ut or landet.

34. Då det leid mot frukttida, sende han tenarane sine til paktarane og ville få sin del av avlinga.

35. Men dei greip tenarane: ein skamslo dei, ein drap dei og ein steina dei.

36. Så sende han andre tenarar, fleire enn fyrste gongen, men dei gjorde det same med dei.

37. Til sist sende han son sin til dei; for han tenkte: Son min har dei nok age for.

38. Men då vindyrkarane fekk sjå sonen, sa dei til kvarandre: Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, så vert arven vår.

39. Så tok dei han, kasta han ut or vingarden og slo han i hel.

40. Når no vingardsherren kjem, kva skal han då gjera med desse paktarane?»

41. «Ein vond død skal han gje desse vonde mennene,» svara dei, «og vingarden skal han leiga ut til andre, som gjev han avlinga i rett tid.»

42. Då sa Jesus til dei: «Har de aldri lese i skriftene:Den steinen bygningsmennene ¬vraka,har vorte hjørnestein.Det er Herrens eige verk,underfullt er det i våre augo.

43. Difor seier eg dykk: Guds rike skal takast ifrå dykk og gjevast til eit folk som ber dei fruktene som høyrer riket til.

44. Kvar den som fell mot denne steinen, skal skada seg. Men den som steinen fell på, skal verta knust.»

45. Då overprestane og farisearane høyrde desse likningane, skjøna dei at det var dei han sikta til.