Bibelen 1978-85 Nynorsk

Matteus 21:15-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Men då overprestane og dei skriftlærde såg undera han gjorde, og høyrde borna som ropa i heilagdomen: «Hosianna, Davids son!» vart dei arge

16. og sa til han: «Høyrer du kva dei seier?» «Ja,» svara Jesus. «Har de aldri lese:Du har late småborn ¬og spedbornsyngja din pris!»

17. Så gjekk han frå dei og ut or byen, til Betania; der var han om natta.

18. Om morgonen, medan Jesus var på veg inn til byen, vart han svolten.

19. Han fekk sjå eit fikentre attmed vegen og gjekk bort til det, men fann ikkje anna enn lauv. Då sa han til treet: «Aldri meir skal du bera frukt.» Og straks visna fikentreet.

20. Læresveinane undra seg då dei såg det og sa: «Korleis hadde det seg at fikentreet visna så brått?»

21. Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Dersom de trur og ikkje tvilar, skal de ikkje berre kunna gjera det som eg gjorde med fikentreet. Men om de seier til dette fjellet: Lyft deg opp og kast deg i havet, så skal det henda.

22. Og alt de bed om i bønene dykkar, skal de få, når de bed med tru.»

23. Så gjekk Jesus inn på tempelplassen; og medan han lærte folket, kom overprestane og dei eldste i folket til han og spurde: «Kva rett har du til å gjera dette? Kven har gjeve deg fullmakt til det?»

24. Jesus sa til dei: «Eg har òg noko eg vil spørja dykk om. Svarar de meg på det, skal eg seia dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.

25. Johannes-dåpen, kvar var den ifrå? Frå himmelen eller frå menneske?» Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: Frå himmelen, vil han seia: Kvifor trudde de han då ikkje?

26. Og svarar vi: Frå menneske, då må vi reddast folket; for alle held Johannes for ein profet.»

27. Difor svara dei: «Det veit vi ikkje.» Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.

28. Men kva meiner de om dette: Det var ein mann som hadde to søner. Han gjekk til den eine og sa: Gå bort i vingarden og arbeid der i dag, guten min!

29. Nei, eg vil ikkje, svara han. Men sidan angra han og gjekk.

30. Så gjekk faren til den andre og bad han om det same. Ja, herre, svara han; men han gjekk ikkje.

31. Kven av dei to gjorde det faren ville?» «Den fyrste,» svara dei. Då sa Jesus til dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Tollarar og skjøkjer kjem før inn i Guds rike enn de.

32. For då Johannes kom til dykk på rettferds veg, trudde de han ikkje. Men tollarane og skjøkjene, dei trudde han. Men endå de såg det, angra de ikkje då heller, så de trudde på han.