Bibelen 1978-85 Nynorsk

Matteus 21:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då dei var komne til Betfage ved Oljeberget, og ikkje hadde langt att til Jerusalem, sende Jesus to læresveinar i veg

2. og sa til dei: «Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der finn de straks eit esel som står bunde, saman med folen sin. Dei skal de løysa og leia til meg.

3. Og er det nokon som spør dykk, skal de seia: Herren har bruk for dei. Då sender han dei hit med ein gong.»

4. Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten, når han seier:

5. Sei til Sions dotter:Sjå, kongen din kjem ¬til deg,audmjuk rid han på eit esel,folen til eit kløvdyr.

6. Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt.

7. Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå.

8. Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strøydde på vegen.

9. Og folket som gjekk føre, og dei som fylgde etter, ropa:Hosianna, Davids son!Velsigna vere han som kjem, ¬i Herrens namn!Hosianna i det høgste!