Bibelen 1978-85 Nynorsk

Matteus 20:24-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Då dei ti andre høyrde dette, vart dei arge på dei to brørne.

25. Men Jesus kalla dei til seg og sa: «De veit at fyrstane er herrar over folka, og stormennene har velde over dei.

26. Såleis er det ikkje hjå dykk. Den som vil vera stor mellom dykk, skal tena dei andre;

27. og den som vil vera den fremste av dykk, skal vera træl for dei andre.

28. Menneskesonen er heller ikkje komen for å tenast, men for å tena og gje livet sitt til løysepeng for mange.»

29. Då dei tok ut frå Jeriko, fylgde det mykje folk med han.

30. Attmed vegen sat det to blinde, og då dei høyrde at Jesus gjekk framom, ropa dei: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!»

31. Folket skjente på dei og bad dei teia, men dei ropa endå høgare: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!»

32. Då stogga Jesus, bad dei koma og sa: «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?»

33. «Herre, lat oss få synet!» svara dei.

34. Jesus tykte hjarteleg synd i dei og tok bortpå augo deira. Med ein gong kunne dei sjå, og dei fylgde han.