Bibelen 1978-85 Nynorsk

Matteus 17:13-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Då skjøna læresveinane at det var om døyparen Johannes han tala til dei.

14. Då dei var på veg bortover mot folket, kom det ein mann til Jesus, fall på kne for han

15. og sa: «Herre, miskunna deg over son min. Han er månesjuk og lid mykje vondt; ofte fell han i elden og ofte i vatnet.

16. Eg tok han med til læresveinane dine, men dei kunne ikkje lækja han.»

17. Jesus svara: «Du vantruande og vrange ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit til meg med guten!»

18. Og Jesus tala myndig til han, så den vonde ånda fór ut. Og guten vart god att i same stunda.