Bibelen 1978-85 Nynorsk

Matteus 16:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då kom farisearane og saddukearane og bad han visa dei eit teikn frå himmelen; dei ville setja han på prøve.

2. Men han svara: «Om kvelden seier de: Det vert godt ver, for himmelen er raud,

3. og om morgonen: I dag vert det uver, for himmelen er raud og mørk. Det de ser på himmelen, veit de å tyda, men tidarteikna kan de ikkje tyda.

4. Ei vond og utru ætt krev teikn, men ho skal ikkje få anna teikn enn Jona-teiknet.» Dermed snudde han seg frå dei og drog bort.

5. Då dei fór over til den andre sida, gløymde læresveinane å ta brød med seg.

6. Jesus sa til dei: «Ta dykk i vare og akta dykk for surdeigen til farisearane og saddukearane.»

7. Dei tenkte på dette og sa til kvarandre: «Det er fordi vi ikkje har teke brød med oss.»

8. Men Jesus merka det og sa: «Kor lite tru de har! Kvifor talar de om at de ikkje har brød?

9. Skjønar de enno ingen ting? Hugsar de ikkje dei fem brøda til dei fem tusen, og kor mange korger de då fekk att?

10. Eller dei sju brøda til dei fire tusen, og kor mange korger de då fekk att?

11. Korleis kan de tenkja at det var brød eg tala om? Men ta dykk i vare for surdeigen til farisearane og saddukearane.»

12. Då skjøna dei at det ikkje var surdeig i brød dei skulle akta seg for, men læra til farisearane og saddukearane.

13. Då Jesus kom til bygdene ved Cæsarea Filippi, spurde han læresveinane sine: «Kven seier folk at Menneskesonen er?»

14. Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia, og atter andre Jeremia eller ein annan av profetane.»