Bibelen 1978-85 Nynorsk

Matteus 15:12-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Då gjekk læresveinane fram og sa til han: «Veit du at farisearane vart arge då dei høyrde dette?»

13. Han svara: «Kvar plante som ikkje Far min i himmelen har sett, skal rivast opp med rot.

14. Bry dykk ikkje om dei! Dei er blinde vegleiarar for blinde; og når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta.»

15. Då tok Peter til ords og sa: «Forklar denne likninga for oss!»

16. «Forstår de enno ingen ting, de heller?» svara Jesus.

17. «Skjønar de ikkje at alt det som kjem inn i munnen, går ned i magen og ut att?

18. Men det som går ut or munnen, kjem frå hjarta, og det gjer mennesket ureint.

19. For frå hjarta kjem vonde tankar, mord, ekteskapsbrot, hor, tjuveri, falskt vitnemål, spott.

20. Slikt gjer mennesket ureint. Men å eta med uvaska hender gjer ikkje eit menneske ureint.»

21. Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyrus og Sidon.