Bibelen 1978-85 Nynorsk

Matteus 12:42-47 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

42. Dronninga frå landet i sør skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For ho kom heilt frå verdsens ende og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo.

43. Når ei urein ånd fer ut or eit menneske, flakkar ho over vasslause vidder og leitar etter kvilestad, men finn ingen.

44. Då seier ho: Eg vil fara attende til huset mitt som eg flytte ifrå. Og når ho kjem att, finn ho det tomt, feia og fjelga.

45. Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder, verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og har det vore ille med det mennesket før, vert det verre no. Såleis kjem det òg til å gå med denne vonde ætta.»

46. Medan han heldt på å tala til folket, kom mor hans og brørne hans. Dei gav seg til utanfor og ville gjerne tala med han.

47. Då var det ein som sa til han: «Mor di og brørne dine står utanfor og vil tala med deg.»