Bibelen 1978-85 Nynorsk

Matteus 12:37-45 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

37. Ja, etter orda dine vert du frikjend, og etter orda dine vert du felt.»

38. Nokre skriftlærde og farisearar tok då til ords og sa: «Meister, vi ville gjerne sjå deg gjera eit teikn.»

39. Han svara: «Ei vond og utru ætt krev teikn, men ho skal ikkje få noko anna teikn enn Jona-teiknet.

40. For liksom Jona var tre dagar og tre netter i buken på den store fisken, såleis skal Menneskesonen vera tre dagar og tre netter i jord-djupet.

41. Folk frå Ninive skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For dei vende om då Jona forkynte bodskapen sin. Og her er meir enn Jona.

42. Dronninga frå landet i sør skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For ho kom heilt frå verdsens ende og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo.

43. Når ei urein ånd fer ut or eit menneske, flakkar ho over vasslause vidder og leitar etter kvilestad, men finn ingen.

44. Då seier ho: Eg vil fara attende til huset mitt som eg flytte ifrå. Og når ho kjem att, finn ho det tomt, feia og fjelga.

45. Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder, verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og har det vore ille med det mennesket før, vert det verre no. Såleis kjem det òg til å gå med denne vonde ætta.»