Bibelen 1978-85 Nynorsk

Matteus 12:25-38 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast; og ein by eller ein heim som ligg i strid med seg sjølv, kan ikkje halda seg.

26. Om no Satan driv ut Satan, så er han komen i strid med seg sjølv. Korleis kan då riket hans halda seg?

27. Er det Beelsebul som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene, kven får då dykkar eigne tilhengjarar hjelp frå når dei driv ut ånder? Difor skal dei døma dykk.

28. Men er det ved Guds Ande eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk.

29. Eller kan nokon gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje fyrst har bunde den sterke? Då kan han plyndra huset hans.

30. Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier.

31. Difor seier eg dykk: All synd og spott skal menneska få tilgjeving for, men spott mot Anden skal ikkje tilgjevast.

32. Den som talar eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som talar mot Den Heilage Ande, skal ikkje få tilgjeving, korkje i denne verda eller i den som kjem.

33. Anten er treet godt, og då er frukta òg god, eller treet er ringt, og då er frukta òg ring. Treet kjenner ein på frukta.

34. Ormeyngel! Korleis kan de som er vonde, seia noko godt? For det hjarta er fullt av, det talar munnen.

35. Eit godt menneske ber fram gode ting av det gode han gøymer på, eit vondt menneske ber fram vonde ting av det vonde han gøymer på.

36. Det seier eg dykk: Kvart gagnlaust ord som folk talar, skal dei svara for på domedag.

37. Ja, etter orda dine vert du frikjend, og etter orda dine vert du felt.»

38. Nokre skriftlærde og farisearar tok då til ords og sa: «Meister, vi ville gjerne sjå deg gjera eit teikn.»