Bibelen 1978-85 Nynorsk

Markus 9:2-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes opp på eit høgt fjell; der var dei åleine. Då vart han forklåra for augo deira,

3. og kleda hans vart så skinande kvite at ingen som bleikjer klede her på jorda, kan få dei så kvite.

4. Elia synte seg for dei saman med Moses, og dei tala med Jesus.

5. Då tok Peter til ords og sa til Jesus: «Rabbi, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.»

6. Han visste ikkje kva han skulle seia, for dei var så redde.

7. Då kom det ei sky og skygde over dei, og or skya lydde ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!»

8. Men best dei såg seg ikring, såg dei ingen annan enn Jesus; han åleine var hjå dei.

9. På vegen ned frå fjellet baud han dei at dei ikkje skulle tala til nokon om det dei hadde sett, før Menneskesonen hadde stått opp frå dei døde.

10. Dei merka seg det ordet og drøfte med kvarandre kva det er å stå opp frå dei døde.

11. «Seier ikkje dei skriftlærde at fyrst må Elia koma?» spurde dei.

12. Jesus svara: «Jau, Elia kjem fyrst og set alt i rett skikk. Men kva står skrive om Menneskesonen? At han skal lida mykje og aktast for inkje.

13. Men eg seier dykk at Elia alt er komen, og dei gjorde med han som dei ville – så som det står skrive om han.»

14. Då dei kom attende til dei andre læresveinane, såg dei ein stor folkehop samla ikring dei og nokre skriftlærde som var i ordskifte med dei.

15. Med det same folket fekk auga på Jesus, stokk dei til, og dei sprang imot han og helsa.

16. «Kva er det de er usamde om?» spurde han.

17. Ein i flokken svara: «Meister, eg er komen til deg med son min; han har ei mållaus ånd i seg.

18. Når ho tek tak i han, kastar ho han over ende, skummet står or munnen, og han skjer tenner og vert stiv. Eg bad læresveinane dine driva henne ut, men dei makta det ikkje.»

19. Då sa Jesus til dei: «Du vantruande ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit til meg med han!»