Bibelen 1978-85 Nynorsk

Markus 7:19-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Det kjem då ikkje inn i hjarta, men fer ned i magen og ut att.» Dermed slo han fast at all mat er rein.

20. Og han la til: «Det som går ut or mennesket, det gjer mennesket ureint.

21. For innanfrå, or menneskehjarta, kjem dei vonde tankane: hor, tjuveri, mord,

22. ekteskapsbrot, havesykje, vondskap, svik, sedløyse, misunning, spott, hovmod, vitløyse.

23. All denne vondskapen kjem innanfrå og gjer mennesket ureint.»

24. Så tok han ut derifrå og fór til bygdene kring Tyrus. Der gjekk han inn i eit hus og ville ikkje at nokon skulle vita det. Men det kunne ikkje haldast løynt.

25. Ei kvinne der på staden hadde ei dotter som det var ei urein ånd i. Då ho fekk høyra om Jesus, kom ho straks og kasta seg ned for føtene hans.

26. Denne kvinna var ikkje jøde; ho var frå landet der, Fønikia i Syria. Og ho bad han driva den vonde ånda ut or dotter hennar.