Bibelen 1978-85 Nynorsk

Markus 6:42-56 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

42. Og alle åt og vart mette.

43. Etterpå samla dei opp det som var att av brøda og fiskane, og det vart tolv fulle korger.

44. Det var fem tusen mann som hadde ete.

45. Straks etter fekk Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til hi sida, til Betsaida, medan han bad farvel med folket.

46. Då han hadde gjort det, gjekk han opp i fjellet og ville be.

47. Då kvelden kom, var båten midt ute på sjøen, og Jesus var åleine på land.

48. Han såg at dei sleit og rodde tungt, for dei hadde vinden imot seg. Og i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen. Han ville gå framom,

49. men då dei såg han gå på vatnet, trudde dei at det var eit skrømt, og skreik høgt,

50. for dei såg han alle, og dei vart redde. Men i det same tala Jesus til dei: «Ver frimodige, det er eg. Ver ikkje redde!»

51. Så steig han opp i båten til dei, og vinden stilna. Men dei var reint ifrå seg av undring.

52. For dei hadde ikkje teke lærdom av det som hadde hendt med brødet, så harde var dei.

53. Då dei hadde fare over sjøen, kom dei til Gennesaret og la til lands der.

54. Med det same dei steig ut or båten, kjende folk han att;

55. og dei sprang rundt i heile grannelaget og tok til å bera dei sjuke på bårer dit dei høyrde at han var.

56. Og kvar han kom, til landsbyar, byar eller grender, sette folk dei sjuke ut på torget. Og dei bad om at dei måtte få ta om så berre i kanten på kappa hans. Og alle som tok i han, vart friske.