Bibelen 1978-85 Nynorsk

Markus 6:38-51 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

38. «Kor mange brød har de?» spurde han. «Gå og sjå etter!» Då dei hadde gjort det, sa dei: «Fem brød og to fiskar.»

39. Då sa han at dei skulle la alle setja seg ned i flokkar i det grøne graset.

40. Og dei slo seg ned i flokkar, somme på hundre og somme på femti.

41. Så tok Jesus dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Og han braut brødet og gav det til læresveinane; dei skulle dela det ut til folket. Dei to fiskane delte han òg ut, så alle fekk.

42. Og alle åt og vart mette.

43. Etterpå samla dei opp det som var att av brøda og fiskane, og det vart tolv fulle korger.

44. Det var fem tusen mann som hadde ete.

45. Straks etter fekk Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til hi sida, til Betsaida, medan han bad farvel med folket.

46. Då han hadde gjort det, gjekk han opp i fjellet og ville be.

47. Då kvelden kom, var båten midt ute på sjøen, og Jesus var åleine på land.

48. Han såg at dei sleit og rodde tungt, for dei hadde vinden imot seg. Og i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen. Han ville gå framom,

49. men då dei såg han gå på vatnet, trudde dei at det var eit skrømt, og skreik høgt,

50. for dei såg han alle, og dei vart redde. Men i det same tala Jesus til dei: «Ver frimodige, det er eg. Ver ikkje redde!»

51. Så steig han opp i båten til dei, og vinden stilna. Men dei var reint ifrå seg av undring.