Bibelen 1978-85 Nynorsk

Markus 6:12-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Så gjekk dei ut og forkynte for folket at dei skulle venda om.

13. Dei dreiv ut mange vonde ånder og salva mange sjuke med olje og lækte dei.

14. Kong Herodes fekk òg høyra om Jesus, for no var namnet hans vide kjent. Somme sa: «Døyparen Johannes har stått opp frå dei døde; difor er desse kreftene verksame i han.»

15. Andre sa: «Det er Elia,» og endå andre: «Det er ein profet, som ein av dei gamle profetane.»

16. Men då Herodes høyrde det, sa han: «Johannes som eg lét halshogga, har stått opp att.»

17. For Herodes hadde sendt ut folk til å gripa Johannes og hadde kasta han i fengsel og bunde han. Dette var Herodias skuld i. Henne hadde Herodes gift seg med, endå ho var kona til Filip, bror hans.

18. Og Johannes hadde sagt til han: «Du har ikkje lov til å ha kona åt bror din.»

19. Difor hata Herodias han og ville få han drepen, men ho fekk det ikkje til.

20. For Herodes hadde age for Johannes; han visste at han var ein rettvis og heilag mann, og han heldt si hand over han. Når han høyrde Johannes, vart han uroleg og rådvill; likevel høyrde han gjerne på han.

21. Men så baud det seg eit høve: På årmålsdagen sin gjorde Herodes eit gjestebod for stormennene sine og for offiserane og dei fremste i Galilea.