Bibelen 1978-85 Nynorsk

Markus 4:30-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

30. Og han sa: «Kva skal vi likna Guds rike med? Kva samanlikning skal vi bruka?

31. Det er som sennepsfrøet. Når det vert lagt i jorda, er det mindre enn noko anna frø i verda.

32. Men når det er sått, renn det opp og vert større enn alle hagevokstrar, og får så store greiner at fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.»

33. I mange slike likningar tala han ordet til dei, etter som dei var gode til å høyra.

34. Utan likningar tala han ikkje til folket. Men når han var åleine med læresveinane sine, la han det ut for dei alt saman.

35. Då det leid til kvelds same dagen, sa han til dei: «Lat oss fara over til hi sida av sjøen.»

36. Så skildest dei med folket og tok han med seg i den båten han sat i. Andre båtar fylgde òg med.