Bibelen 1978-85 Nynorsk

Markus 2:15-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Ei tid etter var Jesus gjest heime hjå Levi, og mange tollarar og syndarar sat til bords saman med Jesus og læresveinane hans. Det var no mange som fylgde han.

16. Då dei skriftlærde av farisearane såg at han åt saman med syndarar og tollarar, sa dei til læresveinane: «Et han saman med tollarar og syndarar?»

17. Jesus høyrde det og sa til dei: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei sjuke. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»

18. Farisearane og læresveinane til Johannes heldt faste. Og folk kom og spurde Jesus: «Kvifor fastar ikkje dine læresveinar når læresveinane til Johannes og læresveinane til farisearane gjer det?»

19. Jesus svara: «Kan bryllaupsgjestene fasta medan brudgomen er hjå dei? Så lenge dei har brudgomen hjå seg, kan dei ikkje fasta.

20. Men det skal koma ei tid då brudgomen vert teken frå dei; når den dagen kjem, då skal dei fasta.