Bibelen 1978-85 Nynorsk

Markus 2:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ei tid etter kom Jesus til Kapernaum att. Og då det spurdest at han var heime,

2. samla det seg så mykje folk at dei ikkje fekk rom, ikkje framfor døra eingong. Og han tala Ordet til dei.

3. Då kom dei til han med ein som var lam; det var fire mann som bar han.

4. Men sidan dei ikkje kunne koma fram til han for alt folket, braut dei opp taket over den staden der Jesus var. Dei laga ei opning og firte ned båra som den lame låg på.

5. Då Jesus såg trua deira, sa han til den lame: «Son, syndene dine er tilgjevne.»

6. Men nokre skriftlærde som sat der, tenkte med seg:

7. «Korleis kan han seia noko slikt? Han spottar Gud! Kven andre enn Gud kan tilgje synder?»

8. Jesus kjende i si ånd at dei tenkte så, og han sa til dei: «Kvifor hyser de slike tankar i hjarta?

9. Kva er lettast å seia til den lame: Syndene dine er tilgjevne, eller: Stå opp, ta båra di og gå?

10. Men så de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no vender han seg til den lame –

11. «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!»