Bibelen 1978-85 Nynorsk

Markus 16:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då sabbaten var til ende, kjøpte Maria Magdalena og Maria, mor til Jakob, og Salome angande olje; for dei ville gå og salva han.

2. Tidleg om morgonen fyrste dagen i veka kom dei til grava, med det same sola rann.

3. Dei sa seg imellom: «Kven skal vi få til å velta steinen frå gravopninga?»

4. Men då dei såg opp, fekk dei sjå at steinen var fråvelt. Han var svært stor.

5. Då dei kom inn i grava, såg dei ein ung mann som sat på høgre sida, kledd i ein lang, kvit kjortel. Dei vart forfærde,

6. men han sa til dei: «Ver ikkje redde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, han som vart krossfest. Han er oppstaden, han er ikkje her. Sjå her er staden der dei la han!

7. Men gå av stad og sei til læresveinane hans og til Peter at han går føre dykk til Galilea. Der skal de få sjå han, som han har sagt dykk.»