Bibelen 1978-85 Nynorsk

Markus 16:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då sabbaten var til ende, kjøpte Maria Magdalena og Maria, mor til Jakob, og Salome angande olje; for dei ville gå og salva han.

2. Tidleg om morgonen fyrste dagen i veka kom dei til grava, med det same sola rann.

3. Dei sa seg imellom: «Kven skal vi få til å velta steinen frå gravopninga?»

4. Men då dei såg opp, fekk dei sjå at steinen var fråvelt. Han var svært stor.

5. Då dei kom inn i grava, såg dei ein ung mann som sat på høgre sida, kledd i ein lang, kvit kjortel. Dei vart forfærde,

6. men han sa til dei: «Ver ikkje redde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, han som vart krossfest. Han er oppstaden, han er ikkje her. Sjå her er staden der dei la han!