Bibelen 1978-85 Nynorsk

Markus 15:29-40 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Dei som gjekk framom, riste på hovudet og spotta han: «No, du som riv ned templet og byggjer det opp att på tre dagar!

30. Frels deg sjølv og stig ned av krossen!»

31. På same måten gjorde overprestane og dei skriftlærde narr av han og sa seg imellom: «Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa!

32. Lat no Messias, Israels konge, stiga ned av krossen, så vi kan sjå og tru!» Dei som var krossfeste saman med Jesus, spotta han, dei òg.

33. Då den sjette timen kom, vart det mørkt i heile landet, og mørkret låg til den niande timen.

34. Ikring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Eloï, Eloï, lamá sabaktáni?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»

35. Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Høyr, han ropar på Elia.»

36. Då sprang det ein fram og fylte ein svamp med eddikvin, sette han på ei stong og ville la Jesus få drikka. «Lat oss sjå,» sa han, «om Elia kjem og tek han ned.»

37. Men Jesus ropa høgt og anda ut.

38. Då rivna forhenget i templet i to, ovanfrå og heilt ned.

39. Og då offiseren som stod midt framfor Jesus, såg korleis han anda ut, sa han: «Sanneleg, denne mannen var Guds Son!»

40. Langt unna stod det nokre kvinner og såg på. Mellom dei var Maria Magdalena, Salome og Maria, mor til Jakob den yngre og Joses.