Bibelen 1978-85 Nynorsk

Markus 15:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Med det same morgonen rann, samrådde overprestane seg med dei eldste og dei skriftlærde, heile Rådet, og tok si avgjerd. Dei batt Jesus, førte han bort og gav han over til Pilatus.

2. Pilatus spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Det er dine ord,» svara Jesus.

3. Overprestane kom no med mange klagemål mot han.

4. Då spurde Pilatus han på nytt: «Svarar du ikkje? Høyr alt det dei klagar deg for!»

5. Men Jesus svara ikkje eit ord, så Pilatus undra seg.

6. Kvar høgtid gav Pilatus dei ein fange fri, den dei sjølve bad om.

7. Ein som heitte Barabbas, sat fengsla saman med nokre andre opprørarar. Dei hadde drepe ein mann medan opprøret stod på.

8. Då no folket møtte fram og tok til å be Pilatus gjera som han hadde for vane,

9. sa han: «Vil de at eg skal gje dykk jødekongen fri?»

10. For han skjøna at det var av misunning overprestane hadde gjeve Jesus i hans hand.

11. Men overprestane fekk eggja opp folket, så dei bad at han heller skulle gje dei Barabbas fri.

12. Då tok Pilatus til ords att og sa: «Kva skal eg då gjera med han som de kallar kongen over jødane?»

13. «Krossfest han!» ropa dei imot.

14. «Kva vondt har han då gjort?» spurde Pilatus. Men dei ropa berre endå høgare: «Krossfest han!»