Bibelen 1978-85 Nynorsk

Markus 14:34-48 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

34. og sa til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak!»

35. Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg til jorda og bad at han måtte verta spart for denne timen, om det var råd.

36. «Abba, Far!» sa han. «Alt er mogeleg for deg. Ta denne skåla frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.»

37. Då han kom attende, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Simon, søv du? Var du ikkje god til å vaka ein einaste time?

38. Vak og bed at de ikkje må koma i freisting! Ånda er viljug, men menneskenaturen er veik.»

39. Så gjekk han bort att og bad same bøna.

40. Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att, for augo deira var tunge av svevn, og dei visste ikkje kva dei skulle svara han.

41. Tredje gongen kom han til dei og sa: «De søv framleis og kviler, de! No er det avgjort. Timen er komen. Menneskesonen skal gjevast i syndarhand.

42. Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.»

43. I det same, før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein flokk som var væpna med sverd og stokkar; dei kom frå overprestane, dei skriftlærde og dei eldste.

44. Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Ta han og før han bort med trygg vakt.»

45. Og då han kom, gjekk han straks bort til Jesus og sa: «Rabbi!» og kyste han.

46. Så la dei hand på han og tok han til fange.

47. Ein av dei som stod der, drog då sverdet, hogg etter tenaren åt øvstepresten og sneidde øyra av han.

48. Då sa Jesus til dei: «De kjem med sverd og stokkar og vil gripa meg, som om eg var ein røvar.