Bibelen 1978-85 Nynorsk

Markus 14:16-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Så gjekk læresveinane av stad, og då dei kom inn i byen, fann dei det så som han hadde sagt. Og dei stelte til påskemåltidet.

17. Då det vart kveld, kom Jesus med dei tolv.

18. Medan dei sat til bords og åt, sa han: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg, ein som et i lag med meg.»

19. Då vart dei sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg?»

20. Han svara: «Det er ein av dei tolv, ein som duppar i fatet saman med meg.

21. Menneskesonen går nok bort som det er skrive om han; men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var født.»

22. Medan dei heldt måltid, tok han eit brød, takka, braut det, gav dei og sa: «Ta det! Dette er min lekam.»

23. Så tok han ein kalk, takka og gav dei, og dei drakk av han alle.

24. Og han sa til dei: «Dette er mitt blod, paktblodet, som vert utrent for mange.

25. Sanneleg, det seier eg dykk: Aldri meir skal eg drikka av frukta frå vintreet før den dagen eg drikk henne ny i Guds rike.»

26. Etter at dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.

27. Då seier Jesus til dei: «De kjem alle til å venda dykk frå meg, for det er skrive: Hyrdingen slår eg, og sauene skal spreiast.

28. Men når eg har stått opp att, skal eg gå føre dykk til Galilea.»

29. Då sa Peter: «Om så alle vender seg frå deg, skal ikkje eg gjera det.»

30. Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg deg: I natt, før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.»