Bibelen 1978-85 Nynorsk

Markus 14:10-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Judas Iskariot, ein av dei tolv, gjekk til overprestane og baud seg til å gje Jesus i deira hand.

11. Då dei høyrde det, vart dei glade og lova å gje han pengar. Og sidan leita han etter eit lagleg høve til å svika han.

12. Fyrste dagen i usyrdebrødshelga, den dagen dei slakta påskelammet, sa læresveinane til Jesus: «Kvar vil du vi skal gå og stella til påskemåltidet for deg?»

13. Då sende han to av læresveinane i veg og sa til dei: «Gå inn i byen! Der møter de ein mann som ber ei krukke med vatn. Han skal de fylgja,

14. og der han går inn, skal de seia til mannen i huset: Meisteren spør: Kvar er romet der eg kan halda påskemåltid med læresveinane mine?

15. Då syner han dykk ein sal ovanpå med benker og puter, ferdig til måltid. Der skal de stella til for oss.»

16. Så gjekk læresveinane av stad, og då dei kom inn i byen, fann dei det så som han hadde sagt. Og dei stelte til påskemåltidet.

17. Då det vart kveld, kom Jesus med dei tolv.

18. Medan dei sat til bords og åt, sa han: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg, ein som et i lag med meg.»

19. Då vart dei sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg?»

20. Han svara: «Det er ein av dei tolv, ein som duppar i fatet saman med meg.

21. Menneskesonen går nok bort som det er skrive om han; men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var født.»

22. Medan dei heldt måltid, tok han eit brød, takka, braut det, gav dei og sa: «Ta det! Dette er min lekam.»

23. Så tok han ein kalk, takka og gav dei, og dei drakk av han alle.

24. Og han sa til dei: «Dette er mitt blod, paktblodet, som vert utrent for mange.

25. Sanneleg, det seier eg dykk: Aldri meir skal eg drikka av frukta frå vintreet før den dagen eg drikk henne ny i Guds rike.»