Bibelen 1978-85 Nynorsk

Markus 13:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då Jesus var på veg ut frå templet, sa ein av læresveinane til han: «Meister, sjå for steinar og for byggverk!»

2. Han svara: «Ja, ser du desse veldige bygningane? Her skal ikkje liggja att stein på stein; alt skal rivast ned.»

3. Då han sat på Oljeberget midt imot templet, og Peter, Jakob, Johannes og Andreas var åleine med han, spurde dei han:

4. «Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet som syner seg når alt dette skal fullendast?»

5. Jesus tok til ords og sa:Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt!

6. For mange skal koma i mitt namn og seia: «Det er eg.» Og dei skal føra mange på villspor.

7. Når de høyrer om krig, og det går rykte om krig, så lat dykk ikkje skræma! Dette lyt henda, men enno er ikkje enden komen.

8. Folk skal reisa seg mot folk, og rike mot rike, og det skal vera jordskjelv mange stader, og hungersnaud. Dette er dei fyrste føderiene.

9. Men sjå dykk føre! Dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogene, og for landshovdingar og kongar skal de førast fram for mi skuld, så de kan vitna for dei.

10. Og fyrst må evangeliet forkynnast for alle folkeslag.

11. Men når dei fører dykk bort og gjev dykk over til styremaktene, så syt ikkje for kva de skal seia, men sei det som vert gjeve dykk i same stund! For det er ikkje de som talar, men Den Heilage Ande.

12. Bror skal senda bror i døden og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og valda at dei døyr.

13. Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst.

14. Men når de ser «den øydande styggedomen» stå der han ikkje skulle stå – skjøn det, den som les! – då må dei som er i Judea, røma til fjells;